Firmainfo
Her finn du oss
Finansiering
ATV safari
LYNX
ATV
Alufish båt
BK-Hengeren
Bruktliste Scooter & ATV
Bruktliste biler

ATV-SAFARI I TELEMARK 2010

Opplev kulturlandskapet i Vest-Telemark frå firehjuling, ATV (All Terrain Vehicles). Turane går etter offentlege og private vegar. Du kjem nærare naturen på ein open sykkel. Du får sterkare oppleving av landskap, lukt og bekkesus, samt ein porsjon lokalhistorie ved å ta ein guida ATV-tur. Turane vert tilpassa ynskje frå deltakarane, køyreferdighetar, vær og føre.

Sesongen starta så smått i slutten av mai. Me køyrar turar etter avtale fram til snøen kjem. Minstepris kr 2000. 

Brosjyre med turalternativ      Prisliste

Tur til Ravnejuv med besøk i sylvsmie

GENERELL INFORMASJON
Me har for tida 6 Can-Am Outlander 400 til disposisjon, 5 registrert for 2 som motorsykkel. Du må ha førarkort for bil, og sjølvsagt vera edru.
Me disponerar ein del hjelmar, hanskar og jakker for dei som ikkje har det sjølve.

Fleire alternativ er under arbeid. ATV-ane kan fraktast til Dalen, etter avtale, slik at turen kan starte rett fra campingplass eller hotell.

Me forsøker heile tida å utvikle nye alternativ, delvis på skogsbilvegar med bom.

Før turen startar får deltakarane innføring i sikker bruk av ATV. Me tenkjer sikkerhet, og legg ikkje ut på dei mest ekstreme turane om vær og føre er dårleg.

Ferierar du ein annan stad i Vest-Telemark og veit om område der ein kan få lov til å køyre; det er mogleg me kan koma til dykk. Pris avtalast avhengig av transportkostnader og lengde på turen. Me arrangerar turar for 4 - 10 personar.